Reiselivskunnskap

Frå Vestlandsforsking sin wiki

Gå til: navigering, søk

English version

Innhaldsliste

Innleiing

Desse sidene er oppretta for å vera støtte, dokumentasjon, hjelp og kunnskapsbase for «Heimekunnskap Sognefjord» eit tiltak for å styrke næringa sin kunnskap om Sognefjorden som attraksjon, laga av Vestlandsforsking som del av prosjektet Kvalitetssystem for å sikre profil som reisemål i verdsklasse og løyvd tilskot frå Sogn regionråd. Du som brukar er hjarteleg velkomen til å delta med innhald på desse sidene. Nøl ikkje, me brukar det same systemet som Wikipedia og du kan ikkje gjera noko gale (som ikkje lett kan rettast opp i). Registrer deg, logg inn og rett den feilen, eller klag på at ikkje ditt favorittemne er betre representert!

Kunnskapstest

Som del av dette opplegget er det laga ein kunnskapstest i form av ein quiz, den er i fire deler:

Når du tek kunnskapstesten, kan du sjå etter hjelp til å finne svar på spørsmåla her:

Samfunn, geografi og samferdsle

Natur, mat og miljø

  • Meteorologisk institutt har ei svært bra og omfattande teneste for verstatistikk kalla eKlima. Den er open for alle, men komplisert å bruka. Der kan du finne statistikk og rekordar for den lokale vermålestasjonen mange år tilbake. Yr har også statistikk for siste året.
  • Direktoratet for Naturforvaltning har god og lettfatteleg informasjon om allemannsretten. Fiskeridirektoratet har god og lettfatteleg informasjon om fiske.
  • Statens fiskekort og mange private fiskekort får ein kjøpt på inatur.no.

Attraksjonar

Arrangement

Bruk av (nett)tenester

Ruteopplysning

  • Rutebok.no er den viktigaste sida for ruteinformasjon og -planlegging i Noreg. Her er det ruter for heile landet og alle transporttypar, inkludert fly og tog. Her kan ein også lage sine eigne rutetabellar. Tenesta er laga av Norsk Reiseinformasjon som også gjev ut rutene i bok-/katalogform.
  • Ruteopplysningen 177 har informasjon om ruteopplysning for heile landet. Her finn ein også telefonnummer for å ringa til ruteopplysninga i eit fylke ein ikkje oppheld seg i.
  • ruteinfo.net er ei teneste for Sogn og Fjordane som kan gje litt andre, nøyaktigare og meir oppdaterte resultat enn på rutebok.no. Her er det også eit oversyn over rutene for fylket som kan vera svært nyttig.
  • Fjord1 tilbyr varsling om driftsavvik på SMS.

Reiseplanlegging (bil)

  • Gulesider si kartteneste er svært omfattande og bra. Her kan ein ikkje berre leggje opp reiseruta si, men også sjå kvar det er fotoboksar, rundkøyringar og bomstasjonar. Når ein søker etter startpunkt og reisemål er det viktig å velje rett variant av det ein søker på, Leikanger kan vere både tettstaden i kommunen med same namn, kommunen eller tettstaden på kysten.
  • Alternativ til Gule sider si kartteneste er Google Maps eller Map24. Google Maps kan vera enklare å bruka og eventuelt meir fleksibel.
  • Vegvesenet si side for vegmeldingar finn ein ut om fjellovergangane er opne og kva føre det er på dei. NRK har eit nyttig oversyn over trafikkmeldingar. Ein kan også ringe 175 for å få høyre vegmeldingar.
  • Trafikkflyt finn du informasjon om trafikksituasjonen rundt om i landet.

Diverse

  • Telefonnummer til nesten alle personar, organisasjonar og verksemder finn ein lett på Telefonkatalogen.no.
  • Den beste tenesta for vermelding er yr.no. Der finn du kortidsmelding, langtidsmelding, historisk statistikk for alle stader i landet, badetemperaturar og pollenvarsel og du får utskriftsvennlege versjonar som kan hengast opp. Med statistikken kan du sjå korleis veret var i eitt år tilbake.

Fasit!

Du finn fasiten til kunnskapstesten på /fasit.

Undersider