KSR Sognefjord

Frå Vestlandsforsking sin wiki

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Prosjektet

KSR Sognefjord eller «Kvalitetssystem for å sikre profil som reisemål i verdsklasse» er eit skattefunn-prosjekt Vestlandsforsking driv i samarbeid med sju hotell i Sognefjord-området. Du kan finna ut meir om prosjektet på prosjektskildringa.

Innleiing

Denne sida er meint som støtte til pilotane i prosjektet i deira kvalitetssikringsarbeid.

Tiltak

Heimkunnskap Sognefjord

Ein viktig del av kvalitetssikringsprosjektet går ut på å finne ein god effektiv måte å heva kunnskapsnivået til dei «skranketilsette», det vil seie dei tilsette som kommuniserar med kundane, altså turistane. Dette blir kalla «Heimkunnskap Sognefjord». Etter tilbakemeldingar frå næringa har prosjektet utvikla ein online kunnskapsquiz som dei skranketilsette i pilotbedriftene skal gjennom for å bli godkjente.

Quizen kan sendast ut til dei tilsette på e-post før sesongen startar slik at dei tilsette på eigenhand kan førebu seg før dei kjem, eller ein kan gje dei tilsette tid til å gjennomføra quizen når dei byrjar på jobben. Det er fleire bøker som arbeidsplassen bør halda for lett å gje dei tilsette tilgang på god informasjon.

Quizen er delt i fire deler (opne lenkja for å få opp lenkjene til quizen), og bør gjennomførast med den tilhøyrande wiki-sida open ved sida av. På grunn av at det er ei wiki-side kan alle deltakarane også vera med på å bidra med kunnskap og tilbakemeldingar.

Den tilsette skal gjennomføra kvar delquiz, og må få 75 % eller meir rett på alle saman for å bli godkjend. Resultatet kjem i slutten av quizen og blir lagra slik at me på Vestlandsforsking kan kontrollera i etterkant. Det vil nok likevel vera lurt å skriva ut siste sida med resultatet som dokumentasjon. Det er opp til bedrifta å sjå til at dei tilsette gjennomfører quizen.

Kundetilfredsheitsundersøking

I 2008 vart det av Det Norske Veritas laga ein rapport for næringsdepartementet og NHO reiseliv med forslag om innføring av ei friviljug stjernemerkingsordning for reiselivet i Noreg. I første omgang retta mot hotell.

Ein viktig del av den føreslåtte ordninga er ei kundetilfredsheitsundersøking. Rapporten har eit heilt konkret forslag til utforming av denne undersøkinga. Sjølv om prosjeket ikkje er heilt einige i utforminga har prosjektet har laga ei undersøking med som speglar rapporten si utforming, med nokre få tillegg og endringar:

Undersøkinga er tilgjengeleg både på norsk og engelsk, og er meint gjennomført på Internett. Ein god måte å få inn svar på kan vera å leggja inn undersøkinga som førsteside på internetterminalane som blir tilbydd gjestene. Tilgang til PC med Internett er også eit krav for hotell som skal oppnå fire stjerner i den nye stjernemerkingsordninga. Ei slik førsteside kan sjå slik ut: Kundetilfredsheitsundersøkingsmeny. Resepsjonen bør opplysa om moglegheitene for å gje tilbakemelding på internettmaskinene når gjestene sjekkar inn, og ein kan også leggje inn lenkjene på informasjonsskriv eller kvitteringar. Vestlandsforsking kan hjelpe til med å leggje til rette for at internettmaskina kan brukast til undersøkinga.

Lokalsamfunnsundersøking

Lokalsamfunnsundersøkinga er likeeins med kundetilfredsheitsundersøkinga ei online undersøking laga for turistane som kjem til området. Undersøkinga er tilgjengeleg på norsk, engelsk og tysk. Hotellgjester som svarar på kundetilfredsheitsundersøkinga blir gjevne høve til å svara på lokalsamfunnsundersøkinga etter at dei er ferdige med kundetilfredsheitsundersøkinga. Men den kan også brukast uavhengig av dette.

Data som blir samla inn med undersøkinga er meint å vera eit vertky for næringa overfor kommune og fylke for å dokumentere kva som bør prioriterast.

Internett-PC

Vestlandsforsking bidreg gjerne med hjelp til å settje opp eigne internett-terminalar. Me brukar Webconverger, og kan dermed gjera gamle datamaskiner om til raske, stabile og nesten vedlikehaldsfrie internetterminalar.

Oppskrift på å klargjere ein standard Webconverger installasjon til bruk for spørjeundersøking.

Turistundersøking om bruk av internett

Frå august 2008 køyrde me ei spørjeundersøking på turistinformasjonane i Balestrand, Fjærland, Jostedalen og Sogndal om turistane sin bruk av internett i samband med reisa. Til dette vart det som i undersøkingane over brukt eit online spørjeskjema på internetterminalar. Terminalane var sette opp til å ha ein spørjeskjemameny som førsteside og alltid gå tilbake til denne når nettlesaren vart lukka eller ikkje var i bruk på 15 minutt. For å motivera turistane til å levera svar vart dei lokka med 15 minutt gratis internettilgang som belønning for å svara på undersøkinga. Dette såg ikkje ut til å påverka svara i særleg grad.

Denne undersøkinga er planlagt gjennomført i sesongen 2009 også, ta gjerne kontakt med Guttorm Flatabø dersom du treng hjelp med internetterminal, så kan du vera med å samla inn svar på spørjeundersøkinga i same slengen!

Turistkart for reisemålet Sognefjord

Det skal produserast eit kart som gjev oversyn over heile Sognefjorden som eit reisemål. Med attraksjonar (både natur og kultur) og aktivitetar.

Informasjon for bruk i omtale av mat

Fritt innhald

For å oppfordra til gjenbruk og for at resultata av arbeidet som har vore gjort i prosjektet skal leva vidare er innhaldet tilgjengeleg for gjenbruk. Alt innhaldet er tilgjengeleg med Creative Commons Attribution-lisensen, slik at du utan vidare kan kopiere, distribuere, og byggje på innhaldet så lenge du følgjer lisensbetingelsane. Dersom det er innhald du saknar, så ta gjerne kontakt.

Personlege verktøy