Interoperabilitet

Frå Vestlandsforsking sin wiki

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Kartlegging av elektronisk samhandling i offentleg sektor

Vestlandsforsking (VF) har sidan 2008 delteke i Ressursnettverk for e-forvaltning, eit nettverk av forskingsaktørar, offentleg sektor og it-bransje som alle arbeider med e-forvaltningsspørsmål. Nettverket er finansiert av Noregs forskningsråd under VERDIKT-programmet. I dette nettverket har VF ansvaret for elektronisk samhandling (interoperabilitet) og noko av arbeidet på dette området er ei kartlegging av relevante aktivitetar. Kartlegginga blir fortløpande oppdatert i prosjektperioden.

Definisjon av interoperabilitet

Interoperabilitet kan oversetjast til (elektronisk) samhandling, og det norske begrepet bør brukast. Det er likevel viktig å ha med interoperabilitet også, sidan det er det som blir brukt internasjonalt. I denne samanhengen er det interoperabilitet som samhandling og samvirke mellom it-system i ulike organ i forvaltninga me er opptekne av, ikkje mellom system i same organisasjon. Eit unnatak her kan vera NAV, som i praksis enno er tre etatar med ei felles overbygging.

Det viktige spørsmålet er korleis kan ulike system samhandla utan at samhandlinga er direkte knytt til systema. EU sitt IDABC-senter, eit organ for overvaking og informasjon om utviklinga innan e-forvaltning, definerer interoperabilitet slik:

"Interoperability means the ability of information and communication technology (ICT) systems and of the business processes they support to exchange data and to enable the sharing of information and knowledge." Det svenske Verva (nedlagt frå 01.01.2009 og oppgåver flytta til andre etatar) legg til at dette må kunna realiserast utan ekstra tilpassing av noko slag.

IDABC opererer med tre typar interoperabilitet i sin definisjon frå European Interoperability Framework 1.0 (EIF) frå 1994:

  • Organisatorisk
  • Semantisk
  • Teknisk

Den svenske rapporten Nationellt ramverk för interoperabilitet frå Verva (juni 2008) innfører eit fjerde nivå, nemleg rettsleg interoperabilitet. Dei forklarer dette nivået slik:

"I den rättsliga vyn slutligen krävs det att alla berörda parter har ett rättsligt stöd för den samverkan som man behöver och avser att medverka i. Om det finns oförenliga regelverk, eller om rättsläget är oklart, så räcker det inte om de tekniska, semantiska och organisatoriska förutsättningarna för samverkan föreligger, samarbetet kan ändå inte sättas igång."

IDABC utarbeidde forslag til oppdatert rammeverk for el. samhandling med EIF 2.0 i 2008. Her lanserte dei rettsleg interoperabilitet som svenske Verva (vanskeleg å seia kven som var først ute), og introduserte også eit politisk nivå slik at det totalt vart fem nivå. Pan-European e-Government Services, PEGS, stod sentralt i dette utkastet. Planen var at EIF 2.0 skulle vera klar på slutten av 2008, men enno (mars 2010) er ikkje den ferdige versjonen publisert. Det kan sjå ut som at det som var ein enkel og lett forståeleg modell i versjon 1.0, har vorte unødvendig komplisert i det nye utkastet. Då blir det også vanskelegare å oppnå semje mellom involverte partar.

Aktuelle lenker:

IKT-arkitektur

Det er vanskeleg å snakka om interoperabilitet utan å trekkja inn begrepet arkitektur. Interoperabilitet, eller elektronisk samhandling, er ein viktig del når ein overordna arktitektur skal utarbeidast. Arkitektur kan her sjåast på som overordna rammer som it-system må tilpassa seg for at elektronisk samhandling skal vera muleg. Dei fleste arkitektur-modellane prøver som regel å innarbeida eit heilskapleg syn, på eit visst nivå.

Eit mykje brukt rammeverk for ikt-arkitektur er Enterprise Architecture. Som namnet indikerer, stammar dette rammeverket frå store konsern. Det er eit forsøk på å beskriva heile konsernet eller verksemda. Det er slik sett ein nokså sentralisert tankegang som ligg til grunn for modellen. Mange land har brukt EA som utgangspunkt for sin nasjonale arkitektur-modell. Namnet på slike nasjonale modellar er National Enterprise Architecture (NEA) eller Government Enterprise Architecture (GEA).

Eit litt anna perspektiv ligg til grunn for Interoperability Framework, enten det er på europeisk (European Interoperability Framework) eller nasjonalt nivå (National Interoperability Framework). Her er utgangspunktet noko mindre sentralistisk og det er eit poeng å berre samordna det som er nødvendig. Dette rammeverket kan sjåast på som noko lausare og opnare enn EA, men i realiteten er det betydeleg overlapping mellom dei to modellane.

Det svenske forslaget til interoperabilitet-rammeverk byggjer på EIF-modellen medan t.d. Finland byggjer sin arkitektur på EA-modellen. Det norske forslaget til arkitektur er ikkje spesifikke på kva overordna modell det skal baserast på - anna enn at det er ei tenesteorientert tilnærming.

MIT Center for Information System Research definerer Enterprise Architecture slik (henta frå Wikipedia):

"Enterprise Architecture is the organizing logic for business processes and IT infrastructure reflecting the integration and standardization requirements of the firm’s operating model."

Enterprise Architecture fokuserer særleg på forretningsprosessar (Business Processes), ikkje så rart sidan det er i store konsern det er utvikla. Spørsmålet blir difor i kva grad det er tenleg å sjå på offentleg tenesteyting frå det same perspektivet?

Den norske arkitektur-tilrådinga har denne definisjonen av arkitekturprinsipp:

"Grunnleggende krav eller regel som skal følges for hvorledes analyserer, designer, utvikler og tester IKT-løsninger, IKT-komponenter og IKT-tjenester tilpasset det området arkitekturprinsippene er ment å skulle dekke."

Artikkelen Evaluating Benefits of Government Enterprise Architecture av Katja Liimatainen, Jyväskylä Universitet, gir ei god innføring i GEA og bruken av modellen i fleire land.

Enterprise Architecture er ikkje utan problem. I artikkelen Fixing Enterprise Architecture: Balancing the Forces of Change in the Modern Organization drøftar forfattaren Dion Hinchcliffe det han meiner er dei to største problema med arkitekturen: Kompleksiteten og den sentralistiske modellen.

Felles IKT-arkitektur i offentleg sektor (FAOS)

På slutten av 2007 kom rapporten Felles IKT-arkitektur for offentleg sektor (FAOS som ei oppfølging av St.mld. 17-2006, Eit informasjonssamfunn for alle. I kap. Standardisert offentleg IKT i stortingsmeldinga, er eit av tiltaka å etablera ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor (tiltak 7.4).

FAOS-rapporten tek opp følgjande problemstillingar:

  • Arkitekturprinsipp
  • Arbeidsprosessar i offentleg sektor
  • Felleskomponentar og gjenbruk av ikt-løysingar
  • Styring og forvaltning
  • Økonomiske og adm. konsekvensar
  • Kost-/nyttevurdering av felleskomponentar

Arkitekturprinsippa som vert lagde til grunn i rapporten:

1. Interoperabilitet
2. Tenesteorientering
3. Tilgjengelegheit
4. Sikkerheit
5. Openheit
6. Fleksibilitet
7. Skalering
8. Heilskapleg ("enhetlig")

Eksempel på felleskomponentar:

- autentisering (eID) og autorisering
- samtrafikknav
- skjemamotor
- offentleg elektronisk postjournal (OEP)
- meldingsboks
- felles registerdataforvaltning
- felles metadata
- innkreving av mindre avgifter og gebyr
- tenestekatalog
- rammevark for eDialog (eDialog = samansette tenesteprosessar)

IKT-arkitekturn vart presentert på eit breidt høyringsmøte 11.09.2008 der Ressursnettverket ved knutepunktansv. VF hadde eit samarbeid. Over 170 deltakarar møtte på denne høyringa. Arkitekturen vart presentert på første halvdel av møtet (her er nett-tv som også omfattar presentasjonar av Gunnar Horn, NAV, og Karl Olav Wroldsen, Skattedirektoratet, i tillegg til spørsmål frå salen). Etter lunsj hadde Ressursnettverket ansvaret for programmet som omfatta innlegg frå den danske IT-styrelsen om deira tilsvarande arbeid, Berit Svendsen frå DnD, Dag Wiese Schartum frå AFIN - UiO og Terje Grimstad frå Semicolon-prosjektet.

Alle presentasjonane frå høyringsmøtet 11.09.2008 finn du på Norstella sine nettsider. Norstella var også medarrangør på det nemnde høyringsseminaret.

Tenesteorientert arkitektur

Begrepet tenesteorientert arkitektur, eller Service Oriented Architecture som det er oversett frå, er sentralt i alle IKT-arkitekturmodellar i dag. Det er ein del ulike definisjonar av SOA og OASIS (Organization for the Advancement of Structured Information Standards) peikar på den viktige skilnaden mellom ein referansemodell og ein referansearkitektur. Ein referansemodell er eit rammeverk på overordna nivå og uavhengig av spesifikke standardar, teknologiar og andre konkrete detaljar. Ein referansearkitektur er ikkje så abstrakt som referansemodellen og adresser meir direkte dei krava som gjeld innan eit særskilt område.

OASIS definerer SOA slik:

"Service Oriented Architecture is a paradigm for organizing and utilizing distributed capabilities that may be under the control of different ownership domains. It provides a uniform means to offer, discover, interact with and use capabilities to produce desired effects consistent with measurable preconditions and expectations."

Oppfølging av arbeidet med felles IKT-arkitektur generelt

Oppfølging av FAOS: Definisjonsarbeid

Difi sette hausten 2009 i gang eit arbeid med "definisjonsarbeid" som dei kalla det ("Utredning av egnede standarder for definisjonsarbeid i offentlig sektor"). Utgreiinga vart levert av Computas i januar 2010 og har ein omtale og tilråding av viktige standardar for definisjonsarbeid. Med definisjonsarbeid er det her meint definisjon av begrep og begrepsharmonisering, samanheng mellom ulike begrep osv. I rapporten blir Ogdens semiotiske triangel (Ogden & Richards 1923 i "The Meaning of Meaning")brukt til forklara dette. Ein katt er eit fysisk objekt som blir referert med konseptet katt der termen igjen er 'katt' (sjå figuren under).

Fil:Ogden_semiotisk_triangel.png

Rapporten ser på ulike bruksområde for definisjonsarbeidet, kriterium for definisjonsarbeidet og til slutt ei vurdering av dei mest aktuelle standardane og også ei tilråding av enkelte. Rapporten er å finna på Standardiseringsportalen - Definisjonsarbeid saman med vedlegg med nærmare gjennomgang av ulike standardar.

Hovudtilrådingar i rapporten:

  • Terminologiarbeidet bør baserast på Termlosen (frå Språkrådet) med refererte ISO-standardar ISO 704 og ISO 1087-1 (og ISO 10241)
    • Det bør utarbeidast norskspråklege versjonar av desse standardane
    • Det bør i tillegg utarbeidast rettleiingsmateriell knytt til definisjonsarbeidet i vid forstand
  • URI bør brukast som identifikator på alle begrep. Det bør utgreiast ein "beste praksis" basert på W3C-tilrådinange i "Cool URIs for the Semantic Web"
  • Det bør utarbeidast ein heilskapleg koordineringsprosess basert på ISO 860, men tilpassa norske forhold
  • Det bør utgreiast ei distribuert utvikling og vedlikehald av begrepsapparat med tilhøyrande livssyklus og innbyrdes samanhengar

Tilrådingar knytt til bruksområde (anvendelsesområde):

Regelverk og rammevilkår

  • Det må komma klart fram om ein definisjon nøyaktig med tanke på automatisering eller om bruken skal vera styrt av rettspraksis eller skjønn og dermed ikkje treng same typen presisjon
    • Det bør gjerast ei spesiell utgreiing om systemstøtte for beskrivelse av begrep og begrepsdefinisjonar under lovformulmuleringsprosessen. Denne bør omfatta beskrivelse av kontekst, referansar til rettskjelder, tilsikta presisjon, gjenbruk mv.

Interne prosessar Begrep i intern forvaltning oppstår enten gjennom lover eller forskifter, eller gjennom fagdisiplinar som ikkje er styrte av desse (f.eks. generelt språk). Det er viktig at det også blir utvikla ordlister for fagdisiplinane.

  • Det bør gjerast ei vurdering om harmonisering av begrep på dette nivået helst bør gjerast i lys av en inkluderende metodikk med t.d. wiki-verktøy heller for å unngå at sterke fagpersonear i miljøa får dominera for mykje.

Meldingsutveksling

  • Det bør byggjast vidare på infrastrukturen for publisering av begrep og definisjonar utvikla i SERES
  • Det bør gjerast ei utgreiing av policy for publisering ikkje berre av begrep, men også opne offentlege data (Linked Open Data - LOD) generelt, på linje med det som er gjort i Storbritannia. Utgreiinga må innehalda gode tilrådingar for identifikasjon for tilgjengeleggjering av både begrep og anna innhald.

Innsyn og tilgjengeleggjering

Figuren under viser ei oppsummering av forslaga i rapporten "Utredning om egnede standarder for definisjonsarbeid i offentlig sektor":

Fil:Illustrasjon_av_tilrådingar_i_begrepsrapport.png

Aktuelle forskingsprosjekt og andre initiativ

Kartlegginga tek i første omgang for seg norske forskingsprosjekt og vil etter kvart bli utvida med relevante internasjonale prosjekt. Vi har til no sett på forskingsprogramma FIFOS, Verdikt og Høykom, og sett etter prosjekt som tek føre seg interoperabilitet. Me har ikkje sett nærare på prosjekta som er nemnde her.

Internasjonale prosjekt og initiativ:

  • Semic.eu står for Semantic Interoperbility Centre Europe og er oppretta av IDABC for å fremja utveksling av interoperbilitets-ressursar mellom medlemmane. Dei har bygt opp ein oversikt over slike ressursar på nettsidene sine.
  • EUROPEANA skal vera ei digital samling av den europeiske kulturarven og tilby tilgang til arkiv-, biblioteks- og museumsgjenstandar over heile Europa. Europeana er det nye namnet på European Digital Libraries og EDL Net.

EuropanaLocal er eitt av mange prosjekt som skal byggja opp Europeana. Prosjektet er finansiert av eContentPlus og har 27 partnarar. I Norge er det ABM Utvikling sentralt saman med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som er deltakarar og dei har sentrale rollar i prosjektet. Prosjektet blir avslutta i 2010 og har som mål å levera minst 5 mill. digitale objekt til Europeana.

Større statlege etatar

NAV

Intervju med Gunnar Horn (GH), IT-direktør i NAV, 30.01.08:

Det viktigaste fokuset for interoperabilitetsarbeidet i NAV er retta mot Altinn. Det gjeld til dømes det viktige og omfattande arbeidet med nytt pensjonssystem. Også helsesektoren generelt er viktig for NAV med tanke på interoperabilitet.

Den desidert største utfordringa på området er sikkerheit og autentisering. Før denne utfordringa blir løyst på ein god måte, er det lite vits i å leggja energi i andre sider ved interoperabilitet.

GH er einig i at følgjeforsking i større IT-prosjekt kan vera bra, men peiker også på at det vil vera nokså krevjande i forhold til å studera slike prosjekt frå utsida / i ettertid. Men det vil truleg også gi mykje meir interessante resultat.

Altinn

Jørgen Ferkingstad, informasjonsansvarleg og redaktør for Altinn, 01.02.08:

Altinn 2 er den store satsinga for tida. Dei har arbeidd i snart eitt år med kravspesifikasjonen ("konkurrerande dialog" med leverandørar). Interoperabilitet gjennomsyrer det meste av Altinn 2-spesifikasjonane, og SERES er ein sentral komponent. Viktige prinsipp for Altinn 2 er interoperabilitet, modularisering og tenesteorientert arkitektur. Det blir også viktige forbetringar i brukargrensesnittet (bort frå eit stivbeint opplegg med Adobe Forms skjemamotor og over på meir fleksible løysingar).

Skjema og tenester skal i prinsippet "flyta fritt" i det nye Altinn 2, ein skal ikkje nødvendigvis merka at det er eit Altinn-skjema ein fyller ut - det kan like gjerne skje gjennom ein annan portal.

Brønnøysundregistra

Brønnøysundregistra har etatssamordning som ansvarsområde, men det er også heilt nødvendig og nyttig for dei for å letta drifta av alle registra som dei held.

SERES

SERES: «Semantikkregisteret for elektronisk samhandling» Kontaktperson: Espen Slotvik, 75 00 79 45/901 18 877.

SERES-prosjektet har gått i tre år. Det vart evaluert av Veritas i 2007 og konklusjonen var at viktige prinsipp og val måtte endrast (mellom anna manglande verktøystøtte for tilrådde standardar). SERES 2 er ei vidareføring som tek omsyn til endringane føreslått av Veritas.

Ein opplever at det framleis er tungt å få gjennomslag for interoperabilitet på tvers av organisasjonar – heller ikkje sjølvsagt at Altinn 2 baserer seg på SERES-prinsippa. Det er dei store etatane som er vanskeleg å komma i inngrep med, til dømes NAV. Dei vil helst løysa utfordringane på sin eigen måte, og i kraft av størrelse treng dei ikkje bry seg om andre rundt seg.

Har tru på å løfta interoperabilitetsproblemstillingar over på "nøytral grunn" og då kan forskingsmiljø og forskingsprosjekt vera natuleg. Brønnøysundsregistra satsar mykje på SemiKolon-prosjektet, skal utføra 3 årsverk per år i prosjektperioden.

ELMER

ELMER "ELMER 2 (Enklere og mer effektiv rapportering) er vedtatt som retningslinjer for brukergrensesnitt i offentlige skjemaer på Internett. Retningslinjene er utarbeidet på oppdrag fra Nærings- og handelsdepartementet og forvaltes av Brønnøysundregistrene.

ELMER-retningslinjene skal være med på å sikre at offentlig skjemaproduksjon møter muligheter og utfordringer ved elektronisk skjemabasert kommunikasjon på en enhetlig og brukervennlig måte. ELMER-retningslinjene ligger til grunn for utviklingsarbeidet i Altinn. Målet er at alle offentlige skjemaer skal bygge på et felles brukergrensesnitt.

Fra sommeren 2009 er ELMER 2 også vedtatt som forvaltningsstandard. Det betyr at offentlige virksomheter og leverandører av skjemaverktøy skal implementere Elmer retningslinjene på best passende tidspunkt, gjerne i forbindelse med nødvendig utskifting og videreutvikling av eksisterende løsninger.

Helseforetak/KITH/SHDir

Sosial- og helsedirektoratet

Sosial- og helsedirektoratet: Informasjonsutveksling, og dermed samhandling og samvirke, er ein viktig del av Samspill 2007 – planen for IKT i helsesektoren. Utanom intern kommunikasjon i helsesektoren (mellom helseføretak, mellom primærhelsetenesta og helseføretak ++) er kommunikasjon med NAV viktig. Her er det fleire initiativ på gang: eResept, elektronisk sjukmelding, elektronisk utveksling av fastlegeinformasjon, ELIN-k – prosjekt for betre samhandling i pleie- og omsorgsektoren.

Andre

Utdanning

eStandard-prosjektet

Tipsa om den danske IT- og Telestyrelsen som har "It-arkitektur, standarder og software" som sentralt tema og har jobba mykje med interoperabilitet.

Dei prøver å støtta arbeidet i ulike sektorar i Danmark for gjenbruk av XML-bindingar, gjenbruk av vokabularer og slikt for ikkje å "finna opp hjulet på nytt". Miljø som er sentrale i Noreg er ifølge Tore Hoel Norstella, sosial og helsedirektoratet som har ei eiga standardiseringsgruppe og i dataforeininga er det ei eiga gruppe, dei nye initiativa frå FAD.

Utdanning.no

Trond Håvard Hanssen (THH), Utdanning.no, 01.02.2008:

Kva jobbar Utdanning.no med?
Utdanning.no handlar om interoperabilitet og standardar.

Utdanning.no jobbar med digitale læremiddel, læreplanar, kursskildringar, læringsverky og læringsressursar. Dei har (saman med partnarar) utvikla ein norsk standard for skildring og utveksling utdanningsinformasjon, (Course Description Metadata). Denne blir no brukt av dei største universiteta som sender inn kursskildringar til Utdanning.no som byggjer opp og held ei nasjonal utdanningsoversikt med kvalitetssikra metadata. Får å få til dette har dei jobba med interoperabilitet på alle nivå.

Utdanning.no ynskjer etterkvart å dela databasen med andre, til dømes europeiske Proteus. Dei jobbar også med skildring og kartleggjing, oppbygging av database over læringsressursar, her blir NORLOM-standarden brukt. Dei jobbar med å få tilbydarar av læringsressursar til å bruka denne standarden.

Kva bør løftast opp
Interoperabilitet er utfordrande organisatorisk: THH ser mest utfordringar på det organisatoriske planet, standardar er der, og blir utvikla, men det er ikkje stort nok press på å få aktørane til å ta dei i bruk. Det burde vera sterk føring for å få offentlege institusjonar til å ta det i bruk. Utfordringane går på rutinar, samarbeid. Kanskje ein kan forska på korleis ein skal få til organisatorisk interoperabilitet.

Intern bruk av standardar: Ta til dømes ein høgskule: mange avdelingar, skildring av kurs på mange stader (avdelingsvev, sentral vev, studiehandbok, brosjyrer). Ein kan spare/effektivisere på å bruke standardar internt også. Informasjon blir lagt inn ein stad i administrasjonssystemet og så kan den brukast derifrå. Det bør jobbast for å synleggjera desse fordelane.

Deling: SANU har fått til ein del for deling på lågare nivå i utdanningssektoren (vidaregåande skule). SANU har også nyleg starta eit prosjekt for å evaluera deling i utdanningssektoren. Ved bruk av standardar og fokus på deling kan dei ulike organisasjonane dela læringsressursar betre både internt og på tvers, til dømes mellom to universitet.

Yrkesskildring: Ynskjer standard for yrkesskildring. Har starta arbeidet med det, men her er det ikkje snakk om ein standard enno. Dette er noko dei jobbar med. Yrkesskildringar kan så koplast mot læreplanar og kursskildringar, og statistikk. Dette er noko NAV og SSB burde vera interessert i og som kunne brukast av personalsystem. Utdanning.no vil ikkje laga skildringane sjølv, men kobla inn fagorganisasjonane og eventuelt andre.

Unik kurs-id: Kurs i høgare utdanning i dag har ikkje ein unik id, skildring, innhald og namn vil utvikla seg over tid, men sidan spesifikke kurs som eigentleg er det same kurset over tid ikkje har ein unik id, blir det vanskeleg å gjera samanlikningar over tid. Dette er det også bruk for i mange andre samanhengar.

Tips om ressursar:

Uninett

Ta kontakt med Ingrid Melve, teknisk direktør for tenester.

  • FEIDE FEIDE er felles elektronisk identitet for utdanningssektoren og er det identitets-prosjektet som har komme lengst i utvikling og utbreiing. Mange fylke arbeider no med lokal og regional FEIDE-strategi. Som eksempel kan nemnast Sogn og Fjordane som koordinerer dette arbeidet gjennom IT-forum Sogn og Fjordane og har eigen FEIDE-koordinator i fylkeskommunen.
  • TROFAST

Anna innan utdanning

Fylkesmannsembeta

  • BEST BEST-prosjektet er eit initiativ av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og rommar fleire delprosjekt. Det mest interessante i interoperabilitets-samanheng er standardisert utveksling av arkivinformasjon. BEST-prosjektet har utarbeida eit forslag til utvekslingsstandard for å kunna gjera nytte av NOARK4-WS i praksis. I tett samarbeid med dei viktigaste leverandørane av sak- og arkivsystem er det utvikla og prøvd ut rutinar for elektronisk meldingsutveksling mellom ulike arkivsystem. Hovudmålet er å sleppa ny registrering av allereide elektronisk informasjon. Meldingsutvekslinga byggjer på rammeverket ebXML.

Kultursektoren

ABM-utvikling

Gunnar Urtegaard, avdelingsdirektør for avdeling for digitalt ABM, ABM-utvikling, 20.02.2008:

Utfordringa innan ABM er at innhald har blitt laga, skildra og lagra i veldig mange ulike system, under ulike tradisjonar, ulike metadataregime, av ulike miljø. Dette gjer presentasjon og formidling vanskeleg, sidan systema ikkje har noko felles språk.

ABM-utvikling møter samhandling på datasida, ABM, integrering av tenester under ein samla ABM-paraply. Distribusjon av innhold.

Dei største utfordringane er på semantisk og teknisk nivå. Ein har ikkje eit ABM-, ein har ikkje noko teknisk lag, ontologi som kan foreina, men dette er ein pågåande diskusjon. Korleis skal ein få teknologien til å skjønna slektskap, samanhengar, rollar, tid. Teknisk, semantisk nivå.

Det trengst standardar, fellesnevnarar, felles multiplum. Blir jobba med på europeisk nivå: EUROPEANA.

Oddrun Ohren, 21.02.2008:
Meir eller mindre direkte sitat er omslutta av "hermeteikn", resten er noko omskrive.

Påpeikar "at bruk av samme klassifikasjonssystem, dvs. samme måte å inndele kunnskapsuniverset på (f.eks. Dewey) vel må sies å fremme semantisk interoperabilitet mellom bibliotekene."

Pågåande prosjekt:

  • Sublima, verktøy for utvikling av emneportalar og samarbeid om dette mellom bibliotek og andre aktørar: Direkte knytt til og motivert ut fra interoperabilitet:
    • "Semantisk interoperabilitet mellom biblioteker i den forstand at Sublima støtter deling og utveksling av ontologier. Det ligger en gevinst i å ta ibruk eksisterende ontologier innenfor viktige temaer, noe som i neste omgang forhåpentligvis medfører større grad av samstemmighet og enighet om ontologier/emnestrukturer."
    • "Teknisk interoperabilitet mellom biblioteker i den forstand at verktøyet vil inneholde protokoller som gjør det mulig å søke på tvers av ressurssamlinger som er utviklet med dette verktøyet."
    • "Organisatorisk interoperabilitet i den forstand at Sublima er ment å oppmuntre til samarbeid om utvikling av ontologier/emneportaler (ikke bare deling av ontologier). Dog ligger det ingen eksplisitt støtte i selve verktøyet for samarbeid per se."
  • "Felles søke- og lånetjeneste for norske bibliotek: Nystartet utviklingsprosjekt som har som mål å utvikle en tjeneste på nett hvor bruker kan søke i bestanden til alle norske bibliotek og bestille på lån også ressurser som ikke er i eget lokale bibliotek. I sterk grad knyttet til interoperabilitet, men hovedsaklig mer som et middel enn et mål, dvs. - realisering av tjenesten forutsetter høy grad av interoperabilitet mellom de deltakende bibliotekene:"
    • "Teknisk og semantisk interoperabilitet ved at metadataposter må utveksles mellom ulike bestandsdatabaser, dette krever enighet om formater og ikke minst enighet om beskrivelsespraksis. Det siste har med semantisk interoperabilitet å gjøre (samme felt brukes til samme info i alle registreringer)."
    • "Organisatorisk interoperabilitet ved at tjenesten vil forutsette en viss harmonisering av fjernlånsprosedyrene i de ulike bibliotekene."

Kommentarar til omgrepet "Organisatorisk interoperabilitet": "Organisatorisk interoperabilitet" er litt ullen, spesielt med dømet som er gjeve. For meg er organisatorisk interoperabilitet interoperabilitet mellom organisatoriske roller, kompetanseprofiler, organisasjonsstrukturer, forretningsprosesser og aktiviteter etc. Interoperabilitet mellom prosesser har jeg også sett referert til som en egen type; virksomhetsinteroperabilitet. Men dette er en "ontologisk" sak som dere sikkert har en mening om."

EU-prosjekt

Bernt Olle Dahl, e-post 20.02.2008:

I en del EU-prosjekter er dette et hett tema, blandt annet i European Digital Library (EDL). Dette er en svært sentral del av IST-programmet i 7RP.

ABM-utvikling er representert ved undertegnede i EDLnet som er et EU-prosjekt som skal støtte EDL med input om organisering etc se arbeidsgrupper, navn på personer, arbeidstema etc på hjemmesiden.

Se også: http://cordis.europa.eu/fp7/ict/programme/home_en.html

Vegvesenet

Toll

DIFI

  • Miside/Norge.no er i den første versjonen i liten grad basert på interoperabilitet. Dei ulike organisasjonane sine tenestetilbod er eit resultat av "hard-koding" og ikkje basert på elektronisk samhandling. Ein ny strategi er under utarbeiding for Miside (hausten 2008) og det er venta at denne utfordringa blir adressert der. I tillegg er det venta at Miside i langt større grad blir ein integrert del av Norge.no.
  • Los er eit system for felles namngjeving av ressursar knytt til offentlege tenester. Det er eit forsøk på harmonisering av begrepsapparatet knytt til offentlege tenester. Systemet er ei vidareføring av det tidlegare LivsIT-prosjektet, men på viktige område er det gjort nye val og systemet er byggjer på eit sterkare fundament enn LivsIT gjorde. Det er særleg kommunesektoren som har etterspurt Los og mange kommunar har alt teke standarden i bruk (standard her i betydninga føreslegen standard av DIFI).

Den sentrale delen av Los er eit kontrollert vokabular på rundt 350 emneord som beskriv offentlege tenester. Den kontrollerte delen består av meir enn 1200 synonym- og hjelpeord knytt til emneorda. Los-informasjonen byggjer på Dublin Core-standarden og gjer at offentlege verksemder kan utveksla informasjon om tenester elektronisk. Los har ein viss slektskap med SERES, men er på ein høgre nivå. Der SERES snakkar om dei enkelte felta i eit skjema, snakkar Los om tenesta (eller handlinga) skjemaet er knytt til.

Kommunal sektor

KS

Oslo

(Grete Zetterberg)

Bergen

(Lars Tveit)

Trondheim

Stavanger

Arne Rannestad.

Kristiansand

IT-sjef Arild Sandnes, 05.02.2008:

Arild Sandnes sit sjølv som leiar av standardiseringsrådet i KS. Kristiansand kommune er med på BEST-prosjektet. Dei har også eit prosjekt kalla "Knutepunkt Sørlandet". Kommunen har mykje fokus på tenester på nett. Medan integrasjonen mellom elektroniske skjema og sak/arkiv-løysingar har blitt bra, står det mykje arbeid att med integrasjon mellom elektroniske skjema og fagsystem, og fagsystem-sak/arkiv. Det trengs standardisering. Dette blir det jobba med i KS. På forvaltningsnivå er det veldig mykje att. I helsesektoren er det gjort ein del med norsk helsenett. For kartsaker har ein fått til integrasjon mellom kommune og fylkesmann. Det blir jobba på løysing mellom NAV og kommune på lønn/personal og sjukepengar i NAV. Det er bruk for meir arbeid mot der trafikken er, sjukehus<->kommune (ELIN-k og felles journalstandard) er eit døme, dette blir det jobba med, men det går seint.

  • Tips:
    • Snakk med Harald Kjensli eller Line Rickardsen i KS om integrering skjema-fagsystem.
    • Ta kontakt med Willy Dertz, universitetet i Agder.

Drammen

  • IT-sjef Arne Midtsten: 32044030, sentralbord, tlf. 03008 ope til 17 utanom fredag (15).

Fredrikstad

  • (Ketil Johansen)

Tromsø

It-sjef Henning Augdal, Tromsø kommune, 21.02.2008:

Det manglar standardar (på semantisk nivå) for utveksling av data, og det manglar særleg på at leverandørane tek i bruk standardar, men her er det litt høna-og-egget-problematikk. Det manglar mykje på bruk av standardar frå leverandørane si side. Ikkje ein gong dei ulike systema i leverandørane sine pakkar snakkar godt saman.

Ei trygg autentiseringsløysing vil løysa ut veldig mykje, miside er ikkje godt nok. Dersom eit system / ei teneste tek i bruk ei god løysing vil andre følgja etter.

Er / har vore med i eit prosjekt av KS, "Tjenester på nett": Eit 40-tals kommunar etablerer ein del tenester på nett, prioritering av ein del skjema. Definert ein standard(ar?) for desse skjemaa som ein har teke vidare med til leverandørane. Handlar også om å hente opplysningar frå andre forvaltningsnivå. Tryggleik og id er viktig.

Tromsø kommune er pilot i ELIN-k (helsedirektoratet, KS) opphavleg Elin. Handlar om samhandling mellom ulike forvaltningsnivå i helsetenesta, omsorgsteneste i Tromsø i sentrum, private legar-pasientar-sjukehus.

Bærum

  • (Petter Thurmer/Knut Helland)

Regionsamarbeid

Det Digitale Trøndelag

Nordfjord

  • Jarle Tvinnereim

Smaalensveven

  • Ulf Harry Evensen

Stavangerregionen

  • same som Stavanger kommune

Leverandørar

Interesseorg. for supplerande info?

Norstella

Arild Haraldsen, dir. i Norstella, 20.02.08:

Positiv til eit samarbeid om felles informasjonsseminar. Norstella arrangerer ein del seminar (frukostseminar, kurs o.l.) og det er betre å samarbeida om eit slikt seminar enn å prøva å arrangera eit på eiga hand.

Norstella er ei stifting som arbeider med (prosedyre-)forenkling i næringslivet og mellom næringsliv og offentleg sektor. Miljøet spring ut frå arbeidet med standardisert elektronisk meldingsutveksling i næringslivet (EDI, EDIFACT) på 1990-talet og har etter kvart orientert seg mot dagens rådande standardar basert på XML (ebXML m.m.). Dei deltek i viktige og relevante standardiseringsorgan i FN-systemet (UN/CEFACT), EU (CEN/ISSS) og EFTA/EØS-ekspertgruppe på internasjonal handel. Dette skjer i tett samarbeid med Standard Norge.

Norstella deltek i fleire interoperabilitet-prosjekt:

  • ShortseaXML (transportsektoren)
  • NESUBL (efaktura)
  • NORSOX (Norsk profil for bedriftsintern styring og kontroll)

Dei driv fleire forum og for interoperabilitetsarbeidet er [Forum for elektronisk samhandling]/interoperabilitet det mest interessante.

  • Abelia
  • OLF

Definisjon

Struktur på resultat

Tidlegare prosjekt/forsking

Noverande prosjekt/forsking

Framlegg til vidare forsking

Personlege verktøy